Ein uforgløymeleg plass å oppleva ferien – velkomen til Sivle!

Kårastova på Sivle er nyrestaurert, huset er i frå om lag 1750. Huset var opprinneleg ei tømrastova, som seinare vart påbygd og heva i 2. høgda. Me har fått fram att ein del av dei gamle tømraveggane, slik at me viser det gamle kombinert med dagens standard. Frå langbordet i stova kan du nyta eit fantastisk utsyn, med Stalheimskleiva under og Stalheimsgrenda og Brandsetdalen midt i mot.

I fyrste høgda kjem du inn i ein romsleg gang, med skifer på golvet og med varmekablar. Kjøkkenet har fin innreiing med integrert oppvaskmaskin og kjøleskap, og er godt utrusta med ymse dekketøy og hjelpemidlar. Stova har langbord, vinkelsofa, og det er vedovn til å fyra i. Badet har toalett, dusjkabinett og vaskemaskin, varmekablar i golvet.

I andre høgda er det 3 soverom, det raude rommet har ei 120 seng, det blåe rommet har 1 enkelseng og 1 120 seng, og det grøne rommet har 1 dobbelseng (150). På gangen er det skåp som gjestene kan nytta. Soveromma har tilsaman 7 sengeplassar med gode madrasser. I tillegg kan ein utvida med 2 sengeplassar i stova (vinkelsofa).

Sivle Gard har støl i Berdalen.

001Stølen leiger me ut til dei som ynskjer ein ferie i storslått natur, til aktivitet og rekreasjon. Stølen ligg flott til, med moglegheit til mange toppturar i nærmiljøet, både sommar og vinter. Om sommaren er det bilveg heilt fram til stølen, ein kan køyra om Brekkedalen eller Jordalen. Om vinteren må ein køyra Jordalen, parkera i Nåsen og gå på ski inn til stølen. Stølen er nyoppbygd lafta sel, med 2 soverom sengeplass til 5 pers., og hems med sengeplass 3-4 pers. Og sjølvsagt er det mogleg å liggja på flatseng i innselet.

Her er ikkje innlagt vatn, koking med gass eller ved, oppvarming med ved, utedo.

Sesong Senger Pr. veka Pr. helg Pr. vekedag Sengkle pr. pers. Handkle pr. pers. Utvask
Mai – August 7 – 9 7500 4000 1500 80 20 700
Resten av året 7 – 9 6000 3500 1100 80 20 700
  • Min. utleige er 2 dagar. For lengre opphald be om pristilbod.
  • Vinterferie – Påskeferie – Jol/Nyårshelg be om pristilbod.
  • Elektrisitet og ved er inkludert i prisen. Alt av vaskemiddel, kaffefilter, filler, kjøkkenhandkle og toalettpapir er på huset.

Ta kontakt på mail: randi@sivlegard.com eller +47 957 832 74

Utleige av støl i Berdalen:

Er klart til utleige vinteren 2016/2017.  Be om pristilbod. Enkel standard, ”men eksklusivt”, stilt og fredleg, bur midt i flott turterreng både sommar og vinter. Stølen har ikkje innlagt vatn, gass/ved til matlaging, ved til oppvarming, utedo.