Per Sivle var son av Eirik Hansson Sivle f. 1825 og Susanna Andersdtr. Ryum f. 1821. Eirik Sivle var fødd og oppvaksen på Sivle, Susanna var fødd og oppvaksen på Ryum i Flåm. Per kom til verda i 1857 i Flåm, han var tvilling og den einaste som levde opp. Mora hadde 2 tvillingfødslar etter ho fekk Per, alle var dødfødt. Etter siste fødselen vart Susanna sjuk og døydde, då var Per 2,5 år.
Faren var fehandlar og mykje på reisefot, og kunne ikkje ha med seg ein liten gut. Per var dei fyrste åra etter mora døydde hjå forskjellige skyldfolk, frå han var 6 år vaks ha opp hjå Botolv og Brytteva Brekke. Brekke var nabogarden til Sivle. Per hadde ein god oppvekst på Brekke, han synte tidleg at han var skuleflink, og fosterbror hans, Olav Brekke var ein god lærar for han.
Per var mykje på Sivle, på besøk hjå bestemora si, og det seiast at han sat ofte og las huspostilen for bestemora si.
Knapt 20 år gamal skreiv Per sitt fyrste dikt på norsk, på skulen lærde dei berre dansk, men det vart viktig for Per og skriva på dialekt. Det fyrste diktet var:
Dan fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song atmed vogga,
dei mjuke vek til mit hjarta gjekk,
dei kunde gråten stogga.
Dette er ein med dei finaste og mest kjende dikta Per Sivle har skrive. Dette diktet skreiv han etter djup lengt etter mora si, som døydde så allfor tidleg.
Diktinga til Per har mange kvalitetar, og han når fram til svært mange, både som forteljar- i Sogor og Vossastubbar – og som skald i mange dikt. Siste året på gymnaset vart han alvorleg sjuk av kregdo, og sjukdomen førte til at han fekk ein kronisk hovudverk som han sleit me kvar einaste dag resten av livet sitt. Dette førte til mykje tungsinn, som i periodar gjekk ut over skrivinga hans.
Ein av dei lukkelegaste tidene til Per, hadde han i Danmark ved Askov folkehøgskule, frå 1886 og utover. Her fekk han sitt litterære gjennombrot, og her møtte han kona si Wenche von der Lippe Nilsen frå Bergen.
Dei fekk dottera Susanna (Sussi) Sivle, fødd i 1888. Per orka ikkje tanken på og leva lenger han tok sitt eige liv 6. sptember 1904, berre 47 år gamal. Det er mykje som kunne vore teke med om Per si dikting. Men han hadde ein god eigenskap og tok alltid dei svakaste sitt parti. Mykje av diktinga, vossastubbane og sogene er ting som Per opplevde i sitt nærmiljø på Brekke, Sivle og Stalheim.
Som vart formidla på ein framifrå måte.