Ifylgje ættabok frå Vossestrand var den fyrste brukar på Sivle, Knut. Han var brukar i frå 1563. Men det tyder på at det har vore busetnad her lenge før denne tid. Fleire funn ved jordarbeiding på garden, viser at her har vore busetnad alt i eldre- og yngre jernalder. Gjenstandane som vart funne, er i dag oppbevart ved Bergen Museum. Det skal også liggja ei gravhedla framanfor stovehuset på Sivle, som skal vera frå folkevandringstida 600 e.kr.
Sivle var rekna for å vera ein tungdriven gard, men hadde god fødnad (gode avlingar). Garden ligg sørvendt til og det vert tidleg vår, og det er god turk i bakkane. På 1800-talet var Sivle kjend for å vera ein god korngard, og her har alltid vore drive allsidig gardsbruk med kyr, sau, geit og hest.
Under Sivle låg fleire husmannsplassar, ein del av dei er i dag sjølvstendige bruk. I dag er det igjen to husmannsplassar som høyrer til Sivle, det er Naole og Hadlhustræet. Hadlhustræet ligg ved Vinelva, der Sivle har skogateig. Her ser ein framleis restar etter grunnmurane.
Naole ligg på ei fjellhylla mellom Sivle og Jordalen, den gamle ferdslevegen til Jordalen gjekk forbi her. Det har vore 4 husmenn i Naole, den fyrste slo seg ned i ca. 1870. Den siste flytte på 1930 talet. I dag er huset nedrive, og det er berre murane som står att.