vossapattern_03d

Tunet på Sivle fortel at her har det vore busetnad og gardsdrift i mange hundre år. Den fyrste brukaren som er omtalt i ættaboka budde på Sivle frå 1563. Fleire funn under jordarbeiding, viser at her har det vore busetnad alt i eldre- og yngre jernalder. Gjennom tidene har det vore ei allsidig jordbruksdrift, med husdyr og åkerbruk.

I dag driv me garden økologisk, dyrkar forskjellige grønnsaker, poteter, bringebær, jordbær, rips og solbær. I tillegg til at me haustar av det naturen har å by på, av bær, sopp og grønne vekstar. I tillegg driv me med sau, og har ein fjording som deltek i gardsdrifta, og som me brukar på kløvhestturar. Sivle Gard har store og gode utmarksressursar som er viktig når ein driv med sau. Stølen til Sivle Gard ligg i Berdalen, der sauene går på gode fjellbeiter heile sommaren. Kjøt frå lam og vilt foredlar me, og nyttar i serveringa på Sivle.

I Gamlastovo frå 1500-talet tek me i mot gjester, berre å stiga inn i desse romma gjer noko med folk, dei vert sett tilbake i tid og me tek gjestene med på Sakte opplevingar. Der tanken bak er at gjesten skal ta seg tid, kjenna, smaka, sjå, høyra, bruka alle sansane. I Gamlastovo har me plass til 30 personar.

Kårastova (der kårfolket budde) er restaurert og vert i dag brukt til utleige, både av norske og utenlandske gjester, og dei er mektig imponert over den fantastiske plassen og ikkje minst utsikta. Gjestene steller seg sjølve, men kan gjerne tinga middag ein kveld i Gamlastovo. Kårastova har sengeplassar til 7-9, og huset er velutstyrt, med oppvaskmaskin og vaskemaskin.

Bualoftet som er frå slutten av 1600-talet, er ferdig restaurert. Her har me sett inn att dei gamle sengene og prøver å visa korleis det var i gamle dagar. Me vil bruka romma til møtelokale, intimkonsertar, lyrikk-kveldar og mykje meir, det går fint ann og overnatta i loftet. På låven kan me ha store selskap, her kan me dekka til 120 pers. På låven har det vore teaterframsyning, konsertar, dans, slektsstemne, blåturar, skuleundervisning og mykje meir.

Stølen vår i Berdalen kan me bruka til overnatting, når me går fleire dagar i fjellet, både med hest og kløv og vanlege fotturar. Stølen leiger me ut til dei som ynskjer det. Sivle Gard er eit flott utgangspunkt for flotte turar i nærmiljøet og til fjells, her tek vertinna dykk med på både korte og lange turar om de ynskjer det. Sivle gard er eit flott utgangspunkt for turar, både til Nærøyfjorden, Sogn, Voss, Bergen og vidare til Hardangerfjorden.

vossapattern_03d