Kontakt
Sivle Gard
Randi Engelsen Eide
5713 Vossestrand
Tlf. 56 52 00 63 / Mob. 95 78 32 74
Straumpost: Mail til Randi
Facebook: www.facebook.com/sivlegard]
Korleis kan du koma deg til Sivle?
Har du eigen bil, køyrer du E16 enten du kjem frå aust eller vest. Du tek av E16 ved Stalheim og fylgjer skiltinga til Stalheim Hotell, køyrer forbi hotellet og fylgjer skiltinga til Brekke, Sivle og Nåli. For dagsturistar som skal ein tur til Sivle eller Nåli, bør parkera bilen ved Stalheim Hotell ( på parkeringsplassen nærmast vegen til Brekke ), og spasera derifrå.
Vegen bort til Sivle er bratt, og det er ikkje parkerings- plassar i tunet, anna enn for våre eigne køyretøy. Men skal du overnatta på Sivle, får du lov å køyra bort til Sivle og sjølvsagt lov å parkera.
Kjem du med tog til Voss, kan du ta buss til Stalheim og gå til Sivle. Kjem du med båt til Gudvangen, kan du ta buss til Stalheim og gå til Sivle. Ellers kan du gå frå alle nærliggjande dalføre på Vossestrand samt Vikafjellet, og koma til Sivle.
Me som vertskap vil gjerne at DU skal få oppleva den gode roen og stilla ein har her på Sivle, difor vil me helst at alle gjester skal gå til Sivle.[/x_text][/x_column][/x_row][/x_section]