vossapattern_04
Bur du på Sivle, bur du mitt i smørauga for opplevingar, me kan nemna:

Nærøyfjorden

Nærøyfjorden som i lag med Geirangerfjorden representerar Vestlandsk Fjorlandskap, er den villaste og vakraste sidearmen til verdas lengste fjord,  og som kom med på Unesco si Verdsarvliste i 2005.

Nærøyfjorden er unik med 25 større og mindre fossefall som kastar seg utfor fjellsidene, bratte fjell omkransar fjorden og gjer dette området til ei mektig naturoppleving.

Du kan oppleva fjorden og verdsarven på nært hald, enten med å vandra langs fjorden, eller nyta ein stille kajakktur, eller nyta fjorden frå ei ferja, turistbåt eller rib.

Fjellturar

Her er fjellturar for alle aldra og vanskeleggrad. Du kan gå på toppturar, du kan rusla på den flotte Kongevegen ( Postvegen), du kan gå på fine fjellturar i nærmiljøet.

  • Av toppturar kan nemnast:
  • Bakkanosi, både sommar og vinter
  • Fyresnipa, både sommar og vinter
  • Jordalsnuten, berre sommar

Fleire av toppane i Jordalen kan ein gå på både sommar og vinter, sjekk med lokalkjende.

  • Jordalen, Brekkedalen, Brandsetdalen, Oppheimsdalen, Myrkdalen, Vikafjellet, Fresvikhalvøya  er alle flotte turområde i nærleiken,  både sommar og vinter.
  • Korte turar summar:  Naole, Stalheimskleive, Sivlesteinen, Stalheimsfossen, Brekkedalen –  med mange stølsgrender som Storestølen, Botn, Kinnarbakken m.fl.

Alpint

  • Oppheimsheisen, 1 heis, 2 nedfartsløyper. 15 min. frå Sivle
  • Myrkdalen Fjellheisar,  med 9 heisar og 22 løyper, 25 min. frå Sivle
  • Voss Resort, Bavallen, med 10 heisar og 21 løyper, 35 min frå Sivle

Andre aktivitetar

  • Stalheim hotell – Privat Museum, Tek i mot grupper min. 10  – førehandstinging
  • Njord – Kajakkpadling på Nærøyfjorden  – Flåm
  • ”Norway in a Nutshell”  rundtur, buss, båt, tog – bør alltid sjekka om det er plass i høgsesongen
  • Voss Klatrepark
  • Voss Rafting Senter
  • Vindtunellen Voss

Plassar du bør besøka når du bur på Sivle: Undredal, Flåm, Aurland, Lærdal, Vik, Voss, Bergen, Hardanger, Sogn  – for meir info. sjekk ut: visitvoss.no  – sognefjord.nohardangerfjord.comvisitbergen.comsakte.nonaroyfjorden.no